Din totalentreprenør innan grunn- og anleggsarbeid

Engelsen Anlegg

Om oss

Miljfyrtarn-norsk-farger

Vår kjerneverksemd er planlegging og produksjon innan grunn- og anleggsarbeid. Me utfører alle typer oppdrag, både for private og offentlige. Verksemda er medlem av EBA, og innehar sentral godkjenning i høgaste tiltaksklasse innan våre fagfelt.

Me held til på Stord, men me tek på oss oppdrag i heile Sunnhordlandsregionen. Gjennom åra har me utført store og til dels kompliserte vegutbyggingar og kommunaltekniske arbeid i forbindelse med dette. Blant anna veg- og VA utbygging Skrivarvegen, grunnarbeid og uteområde Stord Sjukeheim, ny kunstgrasbane Prestegardsskogen, grunnarbeid ny kranbane og kai Kværner, og ny veg og VA-anlegg til Grunnavågen. 

Me er ei godkjent læreverksemd i anleggsmaskinkøyrar- og veg- og anleggsfaget. Me har som målsetjing å ta inn lærlingar årleg, verksemda arbeider, og har til ei kvar tid høg fokus på HMS/KS. 

Engelsen Anlegg AS vart fisjonert ut frå W. Engelsen Ettf. as (100 år i 2012) 15.11.2005. Dette var eit strategisk grep for å dela verksemda inn i ulike segment/marknadsområde, og eksplisitt for dette selskapet å styrkja seg i konkurransen på VVA, grunn- og anleggsarbeid.

Vi i Engelsen Anlegg ønsker å ta del i det grønne skiftet, og setter derfor et økt fokus på vårt miljøansvar. Vi ønsker å strekke oss lenger for å ta smarte valg med tanke på arbeidsmiljø, avfallshåndtering, energibruk, innkjøp og transport.

Derfor er vi nå i gang med å bli Miljøfyrtårn-sertifisert. På den måten vil vi lage oss et godt grunnlag for å kunne levere bærekraftige løsninger og ha et godt arbeidsmiljø i lang tid fremover.

Går du på skule og skal snart ut i lære?

Kan du tenkja deg ei karriere innafor anleggsbransjen?

Engelsen Anlegg AS er ei godkjend læreverksemd innafor anleggsmaskinførar-, veg- og anleggsfaget. Me satsar på lærlingar for å rekruttera gode medarbeidarar til verksemda.

Ynskjer du å søkja lærlingeplass hos oss, kan du gjera dette via epost eller pr. post.

Kontakt dagleg leiar Torodd Olsen på e-post: torodd.olsen@engelsenanlegg.no

Politikk for kvalitet, helse, miljø og sikkerhet

Engelsen Anlegg AS skal levera produkta sine i samsvar med ordren og frie for feil og manglar. Dette skal gjerast slik at kunden/tiltakshavar sine spesifiserte krav vert oppfylte, og at produkta vert levert innanfor til ei kvar tid, gjeldande standardar, lovar og forskrifter.

Kvalitetssystemet skal bidra til god lønsamheit og konkurranseevne, samstundes som det skal vera med å betra vår bedriftskultur og vårt arbeidsmiljø. Rett bruk av prosedyrar, instruksar og andre retningsliner skal sikra at arbeidsoppgåvene vert gjort rett fyrste gong. Jamnleg revisjon av heile kvalitetssystemet skal sikra kontinuerleg vedlikehald og utvikling av systemet.

Engelsen Anlegg AS ser menneska som den viktigaste ressursen i arbeidslivet, og ei god helsa som det største aktivum menneska har. Gjennom det totale kvalitetssystemet vil bedrifta førebyggja ulykker og helseskadar og skapa trivnad på arbeidsplassen.

Vårt mål er:

Det overordna målet er at Engelsen Anlegg AS skal ha eit arbeidsmiljø som gir våre tilsette tryggleik mot psykiske og fysiske skadar. Tryggleik skal vera ein naturleg del av einkvar arbeidsoperasjon frå planleggingsstadiet til ferdig produkt. Tryggleiken i bedrifta skal ivaretakast gjennom målbart systematisk arbeid der det vert lagt vekt på følgjande:

  • Kartlegging av risikoforhold.
  • Kunnskap og informasjon om tryggleiksfaktorar.
  • Bruk av rett utstyr på rett måte under trygge forhold.
  • Motivasjon, samarbeid og medverknad frå alle medarbeidarar.
  • Registrering, oppfølging og korrigering av forhold som verkar negativt inn.

 

Dersom det førebyggande tryggleiksarbeidet i ein situasjon likevel skulle svikta og ei ulykka inntreffa, skal bedrifta ha eit forsvarleg opplegg som raskt og effektivt skal avgrensa eventuelle skadeverknadar på menneske, materiale og miljø.

Kontakt

Besøksadresse

Hamnegata 86, 5411 Stord

postadresse

Postboks 124, 5401 Stord

Org.nummer

988 964 131

Torodd Olsen
Dagleg leiar

930 59 588

to@engelsenanlegg.no

Morten Isdahl Halhjem
Driftsleiar

452 73 033

Kristine Aarsand Engelsen
Økonomisjef

970 59 555

kristine.engelsen@
wengelsen.no

Øyvind Kannelønning
Prosjektleiar

928 15 974

ok@engelsenanlegg.no

Aslaug Kindem
Kontor

970 59 012

aslaug.kindem@
engelsengruppa.no

Miljfyrtarn-ensfarget-hvit