Om oss

Vår kjerneverksemd er planlegging og produksjon innan grunn- og anleggsarbeid. Me utfører alle typer oppdrag, både for private og offentlige. Verksemda er medlem av MEF, og innehar sentral godkjenning i høgaste tiltaksklasse innan våre fagfelt.

Me held til på Stord, men me tek på oss oppdrag i heile Sunnhordlandsregionen. Gjennom åra har me utført store og til dels kompliserte vegutbyggingar og kommunaltekniske arbeid i forbindelse med dette. 

Me er ei godkjent læreverksemd i anleggsmaskinkøyrar- og anleggsrørleggerfaget. Me har som målsetjing å ta inn lærlingar årleg, verksemda arbeider, og har til ei kvar tid høg fokus på HMS/KS.

Engelsen Anlegg AS vart fisjonert ut frå W. Engelsen Ettf. as (100 år i 2012) 15.11.2005. Dette var eit strategisk grep for å dela verksemda inn i ulike segment/marknadsområde, og eksplisitt for dette selskapet å styrkja seg i konkurransen på VVA, grunn- og anleggsarbeid.

Me i Engelsen Anlegg ønsker å ta del i det grønne skiftet, og setter derfor et økt fokus på vårt miljøansvar. Me ønsker å strekke oss lengre for å ta smarte valg med tanke på arbeidsmiljø, avfallshåndtering, energibruk, innkjøp og transport. Engelsen Anlegg er Miljøfyrtårn-sertifisert.